By 20. januar 2011 0 Comments Read More →

Hva står i bygdeboka om Alstadsæter?

Hva står det i Norddal bygdebok om Alstadsæter?

I Norddal bygdebøker V, bindet «Ættebok for Norddal, del 1», opprinnelig skrevet av Leonhard Tafjord, men oppdatert og ajourført av Terje Linge i 1997, står følgende på side 24:

Blir kalla «Ura» til dagleg (Rygh). Alstadsetter 1666 og 1723. l matrikkelen av 1647 blir garden også kalla Alstadsetter og er på 1/2 w. fisk. Joenn betalar 1/2 dr. i skatt. Odelsbønder eiger, får vi vite.

Første jorbygsel her ser ut til å vere i 1629.

  • 1521: – Ikkje nemnd
  • 1603: – Ikkje nemnd
  • 1651: Alstadssetter 1/2 w. f. – odelsbønder eiger.
    – Joenn (A 101)
  • 1701: – Oelle 71 år gamal (A103)
  • 1762: – Peder (A107) Det er rekna som proprietærgods no.
  • 1801: – Magnus gardbr. 55 år gml.(A110). Garden kalla Uhren.
    – Iver Iversen. – jordlaus husmann (A200). Iver bygslar jorda 1799.
  • 1865: – Magnus (sjølveigar) (A113)
    – Christian Rasmussen (bygselmann) (A205)
    – Martinus Martinussen (husm m.j.) (A208)
  • 1900: 19/1: Ingebrigt Magnussen – gbr (A114)
    19/3: Martinus Martinussen – gbr (A208)
    19/2 «Uren»: Ole Martinus Martinussen (A209).

Fram til år 1900 har garden blitt delt i tre. Bruk nr. 1 har ei skyld på 2,66. Dei to andre småbruka er mykje godt like store, med ei skyld på 0,39 og 0,48′ I dag er det 6 matr. nr. på garden. Gudbrandsjuvet er eitt av dei, driven som kafe ei rekkje år (På den andre sida av dalen har vi Gudbrandsdalen, ein vanskeleg tilliggande sæterdal ovanfor garden Alstad.) Det er ikkje husdyrdrift på garden. Gardsdrifta på bruk nr. 3 tok slutt omkring 1953. Martin Alstadsæter dreiv sitt småbruk åleine i mange år. Melvin Alstadsæter har hovudbruket. I dag er det ein større campingplass der.

Alstadsæter ligg ca. 230 moh. 15 km frå sjøen. Det ligg ei større ur mellom Grønning og Alstadsæter i nord. Mot sør grensar garden til Myren  og på den andre sida av elva ligg tuna på Alstad.

Skulen i krinsen ligg på Tverrvika, like før du kjem til Gudbrandsjuvet.

Sæter: Garden  har sæter på Alstadsætra. Alstadfolket hadde sæter på Heisætra saman med Ole Martinus.

Fornfunn: Ingen merknader her. Det er truleg at gardane frå Hoel til Grønnning – på austsida av elva – vart opptekne etter gardana på vestsida: Remp, Røsten og Alstad) Dette gjeld då Myren, Remset og Alstadsæter.

I Norddal bygdebøker II, bindet «Hus og heim – gard og grend», skrevet av Leonhard Tafjord, står følgende på side 178 – 180:

Alt tyder på at garden opphaveleg har vore seter under Alstad: ein åker heiter Stølen, litt framanfor husa, ein stein Kallarsteinen. I dagleg tale heiter det Ura, då der er mykje stein rundt ikring.

Til garden høyrer bra med skog, mest bjørk og noko fureskog. Avgøymt som han var, utan skikkeleg veg i lange tider, var tilhøva vanskeleg. Dei køyrde med megeslede like til 1895-åra. Då vart det betra på råsa i Kleivane så pass, at han Magnus kunne køyre med kjerre.

Lenge har det vore ei lita bru over Valldøla litt heimanfor Gudbrandsfossen. Den brua heldt Alstad og Ura saman. Køyrande veg vart bygd med pliktarbeid. Arbeidsfolk kom det like frå Eidsdalen. Noko av veggrunnen over Alstad fekk ein mot å gi frå seg noko av seterreiten. Så kom den nye hovudvegen til Alstadseter. Fleire kvernar har der vore med godt fall, rikeleg vatn og lite frostnæmt.

I seinare år har det vore arbeidd bra med å rydde store steinar bort frå mark og åkrar. Slåttemarka var vidsveim, men i 1920-åra var noko utlagd til hamnegang.

Garden var øydegard, i alle høve frå 1600 til fram imot 1650. I den tid betalte brukaren grasleige med 1/2 pd. smør, ikkje tiend, men eit kalvskinn. Øydegardsskatt vart betalt med 1/2 dlr. i 1644. Jon (101) betalte kopskatt for seg og kona året etter. Skylda har halde seg nokolunde med det same: 1/2 v. eller 2 mell., eller 2 pd. 6 mrk.

Garden var herremanns gods: Futen Andreas Hanss. Møller fekk skøyte på 3 mell. i 1695 (samstundes med skøyte på Galtevig). Etter han kom Rasmus Ibsen. Skiftebrev etter han 17 42 «hvorefter sønnen Mathias Rasmuss. er tilfaldt 2 pd. 6 mrk. i Alstadsæter» (1 v. 22 ½ i Berdal). Han gav skøyte på garden til Ingebrigt Peders. (109) som då er første sjølveigar på dette bruk. Ei tid var Ivar Høgh eigar. Dette er altså lensmannsslekta i Dale med di Nils Knuts. Langlo åtte garden 1705 – oml. 1738. Alstadsæter gjekk såleis tidleg over frå stormannsgods til bondegods.

Sånad og krøterhald.

I 1655 kan garden fore 1 hest, 8 kyr og 8 geiter. Tolv år etter: 1 hest, 16 kyr, sår 2 tn. korn, haustar 7. Tiend 2 ml. avr. 1 ml. bygg, 12 mrk. ost. Leding 2 kalvskinn og skattar av l laup smør, nok brennefang.

1714: Sår 1 tn. havre, 1 tn. bygg, haustar 1 tn. havre, 4 tn. bygg, fora 8 kyr og 1 hest.

1802: «Magnus Ingebrigts. bruger alt, hvorpaa saaes 1 tn. bygg, 2 tn. havre, og avler 6 fold, forer 10 storquæg, 1 hest, 20 smaaquæg.- Gaarden har fornøden skov og somergræsning for kræaturer. – Jordbruget, hvis kornavl ofte falder grøn og umoden, drives af 6 voksne mennisker.»

1875: Magnus Ingebrigts.: l hest, 7 kyr, l kalv, 26 sauer, 2 geiter, l svin. Ole Andreas.: l ku, 4 sauer. Peder Muldal: l sau. Regine l sau. Ingebrigt og Lars Iver: 1 sau, 1 geit. Sånad: 1% tn. bygg, 2 tn. havre, 3 tn. poteter, 1/20 mål rotfrukt.

Same slekta har drive Alstadsæter i over 220 år. Før den tid var det mykje skifte. Jon Ols. (103 a) kalla seg for Hoel i 1705 då han seide 3 mell. odelsgods til Nils K. Langlo (sjå Hoel 107 og Grønningsæter 109). Ole Jenss. (105 a) har etternamnet Humblong i 1730-37. Han var soldat då og busette seg på Sylte. Far hans hadde ein husmann Halkield Haldvors., f. i 1628.

Jens Ols. (105) bygsla bruket av Nils Langlo i 1720. Etter han kjem Peder Frøsedal som bygsla det heile i 1738, og så Ingebrigt Selboskar i 1767. Sistnemnde kjøpte garden. Dotter til Peder frå Frøsedal, Dordei, var g. m. Johannes Peders. Ytterli under Selboskar (300). Ved skøyte dgs. 28. s ept. 1769 vart Ingebrigt Selboskar sjølveigar. I samband med det vart det noko meiningskilnad om kvar byta skulle gå. Ingebrigt stemnde då i 1771 Ole Nilss. og Ole Peders. Alstad til merkegangsforretning på Alstadsæter. Etter den tid har garden gått frå far til son til seinste tider. Garden er taksert til 120 rd. i 1802, med sml.tal 22.

ALSTADSÆTER (PLASSEN «UREN»)

Br. nr. 2, skyld 0,48. Eigar: Martin Alstadsæter.

Første mann på denne plassen var Iver Ivers. Grønningsæter. Han bygsla tomt av Magnus Ingebrigts. Uren i 1799. Plassen vart taksert under eitt med hovudbruket i 1802 og fekk sml.tal 3. Iver og kona Laurense frå Seljebotten hadde ikkje barn. I 1821 bygsla Haagen Arnes. Valdal av Ingebrigt Magnuss. (11). Han hadde 3 koner etter einannan, men ikkje barn, så nær som Magnus Andreas. Han flytte til Sylte i 1856. Kristian Rasmuss. flytta til Grønningsæter. Den tid han dreiv plassen på Alstadsæter brukte han to løpenr. under eitt.

Sånad og krøterhald.

1875: 4 kyr, 9 sauer, 3 geiter. Utsånad: 1 tn. bygg, 1 tn. havre, 2 ½ tn. poteter.

ALSTADSÆTER (UREN)

Br. nr. 3, skyld 0,39. Eigar: Marta Alstadsæter.

Ole Martinus Martinuss. (209) kjøpte «Ura» av Tore M. Kleiven i 1894. Martin, son til Ole M. M., kjøpte i 1941. Han er og eigar av Gudbrandsdjuvet br. nr. 4, skyld 0,01.

Sånad og krøterhald.

1875: Ole Martinus Martinuss. og Pernille Olsdtr.: 3 kyr, 1 kalv, 12 sauer. Utsånad: ½ tn. bygg, 1 tn. havre, 2 tn. poteter. Brukarar i 1886: Magnus Ingebrigts. 2,66. Lars Larss. 0,49. Martinus Martinuss. 0,39.

Posted in: Stedet, Uren

Om forfatteren:

Skriv en kommentar